Skip to content

Hanne Haldorsen Sunde
Fysioterapeut og profesjonell pilatesinstruktør

Hanne er innehavar og hovudinstruktør på Pilatesstudioet.
Ho er utdanna fysioterapeut ved Høgskolen på Vestlandet (Bergen) (1999), og har brei erfaring frå rehabilitering og førebyggjande helsearbeid.

Hanne starta si reise i pilatesverda i 2004. Ho vart sjølv raskt avhengig av pilatestrening som treningsform, og sertifiserte seg som instruktør.

I samband med eit opphald i Asia (Malaysia og Singapore) tok ho full sertifisering pilatesinstruktør STOTT pilates. I Singapore instruerte ho hos Options studio, og frå eige fullt utstyrt studio. Då ho kom attende til Noreg i 2012, arbeida ho med rehabilitering og pilatestrening på ein tverrfagleg klinikk saman med kiropraktorar, fysioterapeutar og medisinske massør.

I 2014 opna ho Pilatesstudioet på Bryne, det einaste fullt utstyrt pilatesstudioet på Jæren.

Både gjennom spesialiseringa si i pilates, og etter fleire år som instruktør, har Hanne brei erfaring med ulike kundegrupper og behov. Ho kan leggja til rette for, og justere undervisninga slik at den passer for den enkelte. Hanne har òg brei erfaring med å nytte pilates i rehabilitering. Pilatesstudioet tilbyr rehabiliterande trening i gruppe og i private timar.
Pilatesstudioet har grupper med pilates i barseltida. Hanne har fleire kurs i svangerskap- og gravidetrening, og er Pilates pre-/postnatal spesialist gjennom The Center for Women’s Fitness. Ho er oppteken av god og tilrettelagt trening i svangerskap og barseltid og ser fram til timane saman med mor og barn.

Som instruktør ynskjer Hanne å sjå den enkelte og gje kvar og ein trygg og god trening.
Ho vil vidareutvikle og oppdatere seg ved å regelmessig delta på workshops og ulike instruktørkurs.

Hanne er glad i all type trening og friluftsliv.
Ho er mor til tre.

Utdanning/ sertifisering:
– Bachelor i fysioterapi, Høgskulen på Vestlandet (1999)
– Instruktør i fysiopilates og Fysiopilates i svangerskap/ barsel (2007), Studiopilates, Nordisk institutt for Fysio-Pilates,
– Full sertifisert instruktør frå STOTT PILATES (2009) (® Matwork, Reformer, Cadillac, Chair, & Barrels, Injuries & Special Populations, CORE )
– Pilates pre-/postnatal spesialist (2014), The Center for Women’s Fitness.
– Pilates Menopause (2016), The Center for Women’s Fitness.
Buff Bones ® Instructor Training (trygg trening for beinskjørhet) (2017).
– Vidareutdanning i fascia: «Anatomy Trains in motion» og «Slings in motion» (20018), Art of Motion
– Diverse kurs

Loraine Dahlstrom
Loraine er ein erfaren og grundig instruktør med blikk for detaljane.

Ho har lang fartstid innan pilates, og er blant ein av dei som har trent og instruert i pilates lengst i Noreg.

Loraine har dansa for The Royal Opera og English National Opera i London. Via dansen oppdaga ho pilatestrening, og har trent pilates i nærare 20 år. Loraine har si pilatessertifiserting (matte/ reformer) gjennom Body Control Pilates i London.

Andre kurs:
– Pilates pre-/postnatal spesialist (2014), The Center for Women’s Fitness.
– Pilates Menopause (2016), The Center for Women’s Fitness.
Buff Bones® Instructor Training (trygg trening for beinskjørhet) (2017), www.buff-bones.com
– Nordic Walking, 60+
– Diverse kurs innan rehabiliering

Som den erfarne instruktøren ho er, vil Loraine gje dykk ein time med stor fokus på gode rørsler for kroppen og detaljert instruksjon. Kroppen kjennes fantastisk ut etter ei pilatesøkt med Loraine.

Loraine instruerer på engelsk.

Vanessa Andreassen
Pilatesinstruktør, yogainstruktør og danselærar

Vanessa er opprinneleg frå Toronto, Canada. Ho er utdanna dansar/ dansepedagog og brenn for bevegelse!

Vanessa starta å trene pilates sjølv etter at ho fekk ein prolaps i ryggen då ho jobba som profesjonell dansar i 2000. «Eg kunne ikkje røre tærne mine då det eg var på det verste. Eg var hypermobil og fleksibel, men trengte stabilitetstrening, styrke og kontroll over kroppen min”. Ho oppdaga pilates og via fokusert og konsentrert trening klarte ho å byggje seg opp att og kunne returnere til dansen.

Vanessa er no full sertifisert pilatesinstruktør på matte og apparat (reformer) gjennom STOTT PILATES, og har dei siste ti åra instruert pilates rundt i Rogaland.

Vanessa er oppteken av kvinnehelse, og er utdanna i svangerskap- og gravidetrening gjennom STOTT PILATES. Ho er òg Pilates pre-/postnatal spesialist gjennom The Center for Women’s Fitness.

Ho vil som instruktør tilby varierte timar med fokus på auka mobilitet, styrke og stabiltet, samt kroppsbevisstheit og –kontroll.

Vanessa ynskjer å utvikle seg vidare som instruktør og har nett teke utdanning i STOTT PILATES sitt rehabiliterande program. Ho vil evne å sjå den enkelte og gjennom sin kunnskap og erfaring kunne tilretteleggje treninga til kvar enkelt sine behov.

Vanesssa bur på Sola og er mor til to.

Back To Top