Skip to content

Pilates er ei funksjonell form for styrke-, stabilitets- og mobilitetstrening for heile kroppen og kan trenast av alle. Treninga passar anten du har trent lite frå før, har behov for rehabiliteringstrening etter skade, er gravid, nettopp har født eller om du er godt trent og ynskjer å oppnå betre treningsresultat eller redusere risiko for skade.

Pilatestreninga blir tilrettelagt  formnivået ditt og tilpassa dine målsetningar. Dette er ei fullstendig trening som gjev styrke, stabilitet, mobilitet, koordinasjon, kroppsbevisstheit og –kontroll. Målet er ein funksjonell kropp der det er balanse mellom dei ulike muskelgruppene og mellom styrke og mobilitet. Me trener pilates på matte eller på spesialdesigna pilatesapparat.

 

Utviklinga av pilates
Treningsforma vart utvikla av Joseph Pilates tidlig på 1900-tallet. Som barn var han plaga av sterk astma og sjukdom, og han var difor sterkt redusert med tanke på fysisk aktivitet. Han utvikla ein serie med treningsøvingar for å sjølv oppnå sterk og fleksibel muskulatur basert på sentrering, kontroll, konsentrasjon, presisjon og flyt.

Etterkvart vidareutvikla han desse øvingane til ei treningsform som kunne passe for alle. Treningsforma nytta element frå yoga, kampsport, turn og dans. Han samarbeidde etterkvart tett med fysioterapeutar, og metoden fungerer difor godt med tanke på behandling og rehabiliterande trening.

Pilates i dag
Pilates er i dag ei svært populær treningsform, og metoden vert brukt over heile verda. Lenge var det primært dansarar og toppidrettsutøvarar som  trente pilates, men no er dette ein av dei rask veksande treningsformane innan både ulike former for idrett og rehabilitering. Mange fysioterapeutar, kiropraktorar og legar anbefaler pilatestrening som ein del av ei behandling eller eit rehabiliteringsopplegg, og mange idrettsutøvarar har forbetra prestasjonane sine med hjelp av pilates som ein del av grunntreninga si (eventuelt: ved hjelp av pilates.). Pilates passar med andre ord for alle uansett kjønn, alder, fysiske utfordringar og treningsbakgrunn.

Pilatestreninga har utvikla seg vidare frå Joseph Pilates si tid, men har utgangspunkt i hans tankar, metode og treningsapparat. Mest kjent er pilatestrening på matte, men ein kan og trena i spesialdesigna pilatesapparat. Apparata (til dømes ”Chair”, ”Barrel”, ”Cadillac” og ”Reformer”) er apparat som nyttar stålfjøring som motstand. Treninga har stort fokus på bevisstheit og kvalitet.

 

Stabilitet og kontroll
I pilatestreninga legg ein blant anna vekt på trening av styrke og uthald av kjernemuskulatur rundt mage, rygg og bekken. Ein utstyrer seg med andre ord med eit ”naturleg korsett” som gjer ein i stand til å nytta kroppen og ryggen på ein god og hensiktsmessig måte. Ein sterk kjerne gjer at ein kan bære kroppen korrekt og balansert. Ein kropp i balanse er ein kropp som kan bevege seg fritt og effektivt.

God mobilitet av ryggsøyla og ein rygg med så naturlege kurver som mogleg er eit viktig element i treninga. Ryggen vår treng god mobilitet og styrke for å fungere optimalt. Når ryggsøyla har sine naturlege kurver, vil belastninga på ryggvirvlar og ledd fordela seg jamt.

Trening av støttemuskulatur
Pilates legg vekt på å trene støttemuskulatur rundt alle ledda i kroppen. Ved å trene desse musklane for eksempel rundt skulder, skulderblad og nakke, vil ein oppnå mindre kompensering av anna muskulatur, redusere muskelspenningar og  smerter og minske risikoen for belastningsskader.

Me bygg opp styrke  frå dei indre og djupe stabiliserande musklane og etterkvart heilt ut til dei store, sterke og overflatiske musklane. Med balanse mellom djup og overflatisk muskulatur samt balanse mellom stabilitet/ styrke og mobilitet, vil ein få ein kropp som fungerer godt.

 

Kontroll og bevissthet
Pilatesmetoden legg vekt på kvalitet og bevisstheit i øvingane, og ein treng full konsentrasjon(eventuelt: ein må vera konsentrert) under treninga. Dette vert gjerne kalla ei ”body-mind”- fokusert trening. Ved å fokusere på korleis øvinga vert utført, vil ein utvikle auka kroppsbevissthet og -kontroll.

Pilatestreninga vil hjelpe deg til å bli meir bevisst på korleis du kan nytta kroppen optimalt og effektivt i kvardagen og under aktivitet. Det blir enklare å korrigere uhensiktsmessige mønster dersom du er bevisst på kva som skjer i kroppen. Du registrerer til dømes når skuldra «kryp opp til øyrene» eller om ryggen er i ei god stilling i eit løft.

Kvalitet er viktigare enn kvantitet i trening. Dette gjer pilates til ei effektiv og trygg treningsform. Det er betre med få repetisjonar og kontrollert rørsle enn mange repetisjonar med dårleg kvalitet og form.

 

Omskolering av kroppen
Vår daglege aktivitet, arbeid og trening, sittestilling og kroppshaldning kan gje oss einsforma bruk av enkelte musklar. Denne overbelastninga av delar av kroppen kan resultere i smerter og belastningsskader. Det er enkelt å trene det ein er flink til! Ofte trenar ein slik at sterk muskulatur vert sterkare og svak muskulatur vert svakare. Gjennom pilatestreninga vert svak muskulatur styrka samtidig som du lærar å nytte rett muskulatur til rett oppgåve og til rett tid. Me freistar omskolere kroppen til betre og meir hensiktsmessige måtar å bevege seg på.

 

Kroppshaldning
Ei god haldning vil avlaste ledd og gje kroppen best mogleg evne til å tåle belastningar. Pilatesmetoden legg vekt på god haldning og alle kroppen sine ledd i så optimale utgangsstillingar som mogleg. Det er i sin optimale stilling leddet toler mest belastning og risikoen for skade er minst. Ved å trene haldningsmuskulatur og balansere dei ulike muskelgruppene mot kvarandre, vil ein difor bevege kroppen på ein god, effektiv og trygg måte.

 

Pust
Mange av oss pustar for lite under trening og i aktivitet generelt. Med ein god pust vil ein få tilført oksygen til blodet og dermed til muskulaturen under arbeid. Eit godt pustemønster vil redusere muskelspenningar (særleg rundt nakke og skulder) og dermed  gje oss mindre muskelvondt. I pilatestreninga nyttar ein pusten aktivt for å lære og integrere gode pustemønster.

 

Kvifor trene pilates
– Du får ein flott og sterk kroppshaldning.
– Ryggen blir sterkare og meir stabil og toler dermed betre belastningar.
– Du vil oppleve redusert muskelspenningar i nakke og skulder.
– Du vil oppleve redusert stress og auka energi.
– Du vil få meir energi og betre avspenningsevne.
– Du får auka kroppsbevissthet og -kontroll.
– Treninga vil gje deg ein kropp som fungerer betre i kvardagen.
– Du vil redusere risikoen for overbelastningar og skader.
– Du vil redusere muskel- og skjelettrelaterte plager.
– Balansen blir betre.
– Metoden er ideell ved rehabiliteringstrening etter skader eller graviditet.
– Du får eit meir optimalt pustemønster.
– Du vil kunne auka dine idrettsprestasjonar.
– Pilates gjer deg ein flottare og meir tona kropp.

Back To Top