Skip to content

Pilatesstudioet er eit lite og personleg studio som tilbyr pilatestrening i små grupper eller private timar. Studioet er eit alternativ til deg som ynskjer noko anna enn eit stort senter. Dyktige og erfarne instruktørar har høve til å sjå den enkelte og tilby trening med kvalitet og tett oppfølging og rettleiing. Me legg stor vekt på å gje deg gode treningsopplevingar. Me er tett på for å sikre at du gjer øvingane effektivt og korrekt. Målet er at du skal oppnå resultat som du merker i ein kropp som kjennes bra!

Pilatesstudioet er det einaste pilatesstudioet på Jæren. Hos oss kan du trene på matte med bruk av små hjelpemidlar som ball, strikk, sirkel og rull for variasjon eller på spesialdesigna pilatesapparat.

Pilates er ei funksjonell trening for styrke og mobilitet, kroppshaldning og kroppsbevissthet. Målet er å få ein kropp i balanse og ein kropp som fungerer optimalt.

Alle kan trene pilates! Du kan trene hos oss sjølv om du ikkje har trent før, om du har behov for rehabiliterande trening, eller om du er godt trent og ynskjer å nytte Pilates for å oppnå betre treningsresultat og redusere risiko for skade.

Med regelmessig pilatestrening vil du oppnå ein gradvis sterkare og meir fleksibel kropp, utvikle sterkare kjernemuskulatur, flottare og sterkare kroppshaldning, betre balanse, auka kroppskontroll og -kontakt, redusert stressnivå, og meir energi i kvardagen. Treninga vil gje ein kropp som fungerer betre i kvardagen.

Pilatesstudioet ligg sentralt på Bryne i 2.etg i “Gamle Bryne mek”. Det er kort gangavstand til tog og buss og me har gode parkeringsfasilitetar med gratis parkering i samband med treninga.

Back To Top